Otto Struve (12. august 1897–6. april 1963) var ein russisk-amerikansk astrofysikar, frå 1921 i USA.
Struve utførte fleire banebrytande arbeid innafor stjernespektroskopi, med undersøkingar over abnorme stjernespektrum, dobbeltstjerner, roterande stjerner og interstellar materie. Han publiserte mange populærastronomiske artiklar, og bøkene Stellar Evolution (1950) (saman med V. Zeberg), Elementary Astronomy (1959), The Universe (1961) og Astronomy of the 20th Century (1962).
Struve var professor i Chicago frå 1932 til 1950. Han var direktør for Yerkes-observatoriet 1932 til 1947, og frå 1939 til 1947 òg direktør for McDonald-observatoriet i Texas, som han grunnla, og frå 1950 til 1959 professor ved University of California, Berkley. Frå 1959 til 1963 var han direktør for det nye National Radio Astronomy Observatory i Vest-Virginia.
Kjelder
Bakgrunnsstoff