Otto Eugen Hauglin (fødd 7. februar 1942 i Fredrikstad, død 18. november 2012 i Oslo[1]) var ein norsk sosiolog og politikar for Sosialistisk Valforbund og SV. Han var stortingsrepresentant frå Østfold i perioden 1973 til 1977.
Hauglin vart Mag.art. i sosiologi i 1970. Han var rektor ved Diakonhjemmets sosialskole frå 1970 til han vart oppsagt ved årsskiftet 1979-1980.[2] Bakgrunnen for oppseiinga var at han hadde nekta å praktisera dei personalpolitiske retningslinjene til hovudstyret. Norsk sosionomforbund og LO gjekk til sak mot Diakonhjemmet. Saka gjekk til Høgsterett, der Diakonhjemmet vann.[3] Hauglin var på slutten av 90-talet tilbake på Diakonhjemmet, då ved sjukehuset, som leiar for arbeidsgruppa som greidde ut reform i leiingsstrukturen til sjukehuset.[4]
Stortingskomitéer
Kjelder