Han var hovudsakleg i Frankrike frå 1925 av. Som jødisk og modernistisk kunstnar blei han raskt erklært «entartet» av det nazistiske regimet i Tyskland. Verka hans blei inndregne, og nokre av dei stilte ut til spott og spe.[2] Skulpturen «Der Neue Mensch» («Det nye mennesket») blei fotografert med vidvinkelobjektiv frå ein ufordelaktig vinkel, og pryda plakatane for den store utstillinga i 1937. Skulpturen sjølv forsvann seinare, og ein går ut frå han blei støypt om.
Då andre verdskrigen braut ut, blei Freundlich arrestert og internert av franske styresmakter. Picasso var blant dei som fekk han fri for ei tid. Han blei arrestert igjen i 1943 og send til konsentrasjonsleirenMajdanek, der han blei avretta same dag han kom fram.