Osen (russisk О́сень) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Mologa frå høgre. Elva er 9 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 210 km².
Elva oppstår der elvane Meletsja frå høgre og Mogotsja frå venstre renn saman og munnar ut i Mologa, i nedslagsfeltet til Volga, etter berre 9 km. Osen er 50-60 meter brei. Elva er islagd frå slutten av november til byrjinga av april.
Osen munnar ut i Mologa nær landsbyen Jeski.
Kjelder