Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OTSE eller OSSE, «for sikkerheit») er ein internasjonal tryggleiksorganisasjon som fokuserer på konflikthandtering. OSSE jobbar med å hindra at konfliktar oppstår, meklar i konfliktar som har oppstått og bistår òg med gjenoppbygging etter at ein konflikt er avslutta.
Organisasjonen har 56 medlemsland frå Europa, Sentral-Asia og Nord-Amerika. Han blei grunnlagd med verknad frå 1. januar 1995 som ei forlenging av Helsingforsprossessen, som starta med eit møte i den finske hovudstaden Helsingfors i 1975. Føremålet var å vera ein møtestad for aust og vest under Den kalde krigen.[2]
OSSE har hovudsetet sitt i Wien. Formannskapet roterer mellom medlemslanda, og blir halde av utanriksministeren i det valde landet. Under Kosovokrigen var den norske utanriksministeren Knut Vollebæk formann for OSSE.
Historie
Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) var opphavet til OSSE. KSSE blei skipa i 1973 og bar dette namnet fram til namnebytet i 1995. KSSE vart særleg kjend for Helsingfors-konferansen i 1975, som fastslo tesen om at grensene i Europa var ukrenkelege.
Då demokratiskeopposisjonspolitikarar i USA kravde internasjonale valobservatørar under presidentvalet i USA i 2004, blei OSSE invitert til å observera for å sjå at alt gjekk rett for seg under valet.
↑Galbreath, David J. (2007). The Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE). New York, NY: Routledge. ISBN9780203960943. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.