L’Ordre des Arts et des Lettres, norsk 'Ordenen for kunst og litteratur', er ein franskorden som blir gjeven av det franske kulturministeriet til persomnar som har utmerka seg innan kunst eller litteratur, elle som ha bidrege til å spreia fransk kunst og litteratur i verda. Ordenen blei innstifta 2. mai 1957.
Grader
Ordenen for kunst og litteratur er inndelt i tre grader.
Kommandør (commandeur)
Offiser (officier)
Riddar (chevalier)
Ordensteikn
Ordenstegnet for Ordenen for kunst og litteratur består av ein grønemaljert krosse med åtte doble armar med kuler på spisseae, forbundet ved arabeskar. Midtmedaljongen består av dei sammenfletta bokstavane A og L. Medaljongen har ein bord med omskrifta «ORDRE DES ARTS ET DES LETTRES». Baksida viser «Marianne», personifikasjonen av den franske republikken. For kommandørar og offiserar er ordensteiknet i gull, for riddarar i sølv. Ordensbandet er grønt med fire smale kvite striper.
Ordenen for kunst og litteratur er tildelt fkeire nordmenn. Mellom desse er Ingeborg Moræus Hanssen, som blei utnemnd til riddar i 1988 og forfremma til kommandør i 1999,[1] og Lars Roar Langslet, som blei utnemnd til kommandør i 1986.[2] Også Ole Henrik Moe er også utnevnt til kommandør.[3]