Omleiringa av Xàtiva i kongedømet Valencia (kongedømet Aragon) fann stad frå 8. mai til 6. juni 1707 under den spanske arvefølgjekrigen. Soldatane til Filip av Bourbon, den framtidige Filip V av Spania, sigra.
Mot slutten av kringsetjinga, for å setje eit eksempel, vart alle som hadde delteke i forsvaret av byen avretta og dei fleste innbyggjarane vart deporterte. Byen vart sett i brann og omdøypt «San Felipe». Som ein referanse til denne tragiske hendinga i historia deira, vert folket i Xàtiva kalla «Socarrat» («brende»).[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Siège de Xàtiva» frå Wikipedia på fransk, den 23. desember 2011.
- Ventura Pascual i Beltran, Datos para la historia del exterminio de Játiva, 1925.
- Germà Ramírez Aldedon, Isaïes Blesa Duet, La destrucció de Xàtiva en 1707 i el govern de la ciutat en l'exili, Ulleye, Xàtiva 2007.