Oleksandria (ukrainsk Олександрія, russisk Александрия, Aleksandria) er ein by i Kirovohrad oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Oleksandrijiskyj rajon (distrikt). Byen har litt over 90 000 innbyggjarar og med landsbyar i rajonen er det totalt litt over 100 000 innbyggjarar.
Historie
Byen vart grunnlagd i 1754 som busetnaden Usovka (russisk Усовка, ukrainsk Усівка) og har hatt namnet Oleksandria sidan 1784. Han var senter for eit ukrainsk bondeopprør i 1919 leia av Ataman Grigorijev.