Onyewu har nigerianske foreldre. Han spelte alle USA sine tre kampar under fotball-VM i 2006. Han er den tredje amerikanaren som har spelt i italiensk Serie A etter andre verdskrigen. I Milan fekk han berre éin kamp, i Meisterligaen, før han vart skada i ein landskamp mot Costa Rica i oktober 2009. Denne skaden sette han ut av spel i minst seks månader.[2]