Nytt på nytt er ein norsk variant av det britiskesatireprogrammetHave I Got News For You, som vert laga av produksjonsselskapet Hat Trick. Programmet har vore sendt på NRK1 kvar fredagskveld, vår og haust, sidan 9. april 1999. Det er blitt eit av dei mest sette fjernsynsprogramma med over 500 000 sjåarar.[treng kjelde]
Programmet er ein konkurranse mellom to lag som kvar har to deltakarar, der kvart lag skal løyse flest mogleg oppgåver som har med nyhende frå den siste veka å gjera. Konkurransemomentet er lite – det er humoren som er det viktige i programmet.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.