Ny-Spania (spansk Virreinato de Nueva España) var namnet på det nye spanske koloniale territoriet i Nord-Amerika frå kring 1535 til 1821. Dette territoriet dekka heile det noverande Mexico, Mellom-Amerika til sørgrensa av Costa Rica og delar av noverande USA, blant anna dei noverande statane California, Arizona, New Mexico og Texas, med landekrav lenger mot nord med upresist definerte grenser. Filippinane blei også administrerte som ein koloni som tilhøyrde Ny-Spania.
Etter 1535 blei kolonien styrt av visekongen av Ny-Spania, ein minister utnemnd av kongen av Spania. Visekongen styrte som ein nær sjølvstendig monark av kolonien. Hovudstaden var Mexico by.[1][2]
Kjelder
- ↑ Haring, Clarence Henry (1947): The Spanish Empire in America. New York, NY: Oxford University Press.
- ↑ Altman, Ida; Cline, Sarah; Pescador, Juan Javier (2003): The Early History of Greater Mexico. Prentice Hall. ISBN 9780130915436.
Bakgrunnsstoff