Nova Gorica er ein by og ein kommune vest i Slovenia ved grensa til Italia. Han har om lag 35 000 innbyggjarar. Nova Gorica er ein ny by, grunnlagd i 1948 då fredsavtalen med Italia i 1947 endra landegrensa mellom Jugoslavia og Italia, slik at Gorizia hamna utanfor grensene til Jugoslavia i den nedre Vipavadalen. Nova Gorica er i dag det største senteret i den tradisjonelle regionen Goriška i Primorska.[1]
Bakgrunnsstoff
Kjelder