Departement er i Noreg ei nemning på det nivået i statsadministrasjonen som er lagt direkte inn under ein statsråd eller ein minister. Eit departement kan dekkja eitt eller fleire ulike fagområde. I andre land er regjeringsdepartementa ofte kalla ministerium. Alle departement har ein politisk leiar i regjeringa, ein statsråd eller minister, som har knytt til seg ein eller fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar. Departementsråden er departementet sin øvste administrative leiar og er ikkje politisk vald. Under seg kan departementsråden ha til dømes ekspedisjonssjefar, avdelingsdirektørar, underdirektørar og byråsjefar. Eit departement har som si viktigaste oppgåve å gjera førebuande arbeid for regjeringa, iverksetting av vedtak, klage- og kontrollfunksjonar. Departementa har sjølvstendig avgjerdsmynde på ein del område.
Eit departement kan ha lagt under seg ymse direktorat og andre statsetatar.
Norske departement
Særleg ved regjeringsskifte hender det at organiseringa av departement vert endra på. Departementsinndelinga etter stortingsvalet i 2005 er som nedanfor.
- Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Barne- og likestillingsdepartementet
- Finansdepartementet
- Fiskeri- og kystdepartementet
- Fornyings- og administrasjonsdepartementet
- Forsvarsdepartementet
- Helse- og omsorgsdepartementet
- Justis- og politidepartementet
- Kommunal- og regionaldepartementet
- Kultur- og kyrkjedepartementet
- Kunnskapsdepartementet
- Landbruks- og matdepartementet
- Miljøverndepartementet
- Nærings- og handelsdepartementet
- Olje- og energidepartementet
- Samferdsledepartementet
- Utanriksdepartementet
Nokre tidlegare departement
Bakgrunnsstoff