Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1909 vart vunnen av Lyn etter finalesiger 4-3 (etter ekstraomgangar) over Odd den 26. september. 4000 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Gamle Frogner stadion i Kristiania.
Dette var andre gong Lyn vann ein noregsmeisterskap.[1]
Dommare var Kristian Wiese (1. omgang) og Thorvald Torgersen (2. omgang), begge frå Akademisk Fotballklub. Byttet skuldast at Odd protesterte då Lyn gjekk opp i 2-0 i byrjinga av andre omgang. Odd meinte det var offside og forlet straks banen i protest. Omgangen vart starta om att med ny dommar.[2]
Lyns vinnarlag: August Heiberg Kahrs, Ola Thygesen, Paul Due, Henrik Nordby, Erling Lorck, Hjalmar Syversen, Alf Paus, Knut Heyerdahl-Larsen, Victor Nysted, Rolf Maartmann, Erling Maartmann.
Odds lag: Thostrup Rødseth, Peder Henriksen, Henry Pettersen, A. Fredriksen, M. Lund, E. Pedersen, Otto Olsen, Berthold Pettersen, Bjarne Gulbrandsen, T. Lie, Henry Reinholdt.
1. runde
18. september
Semifinalar
25. september
Finale
26. september
Kjelder
- ↑ www.rsssf.com og Hardy Grüne: Enzyklopädie der europäischen Fußballvereine. AGON Sportverlag, Kassel 1999. ISBN 3-89784-163-0
- ↑ Ettertanker frå en som har sett Lyn vinne syv cupfinalar i VG (31.10.1967)