Nordøyane er ei øygruppe i Ålesund kommune i Møre og Romsdal.[1] Ho omfattar øyene Ona, Sandøya, Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya og ligg på nordre Sunnmøre.
Lepsøya er den sørvestlegaste av dei åtte øyane og grensar til Vigrafjorden og Vigra i Giske kommune i sørvest. I nordaust ligg Ona som den nordlegaste øya, og grensar til Aukra kommune.
Den største av dei åtte øyane er Harøya, med 13,6 km². Ona er den minste folkesette med 0,8 km².
I august 2022 fekk Nordøyane vegsamband med fastland, og fleire av dei med kvarandre, då Nordøyvegen opna.[2]
Kjelder