Non sa che sia dolore, BWV 209, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1729 eller 1708-17 som farvellkantaten for Johann Matthias Gesner då han flytta til Ansbach. Stykket vart kanskje framført på nytt 23. februar 1716 i Weimar for bursdagsfeiringa til hertug August av Weimar og i 1742 i Leipzig for namnedagen til kurfyrste Friedrich August II av Sachsen
Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt ein songsolist (sopran).
Det består av fem satsar:
- Sinfonia i H-moll
- «Non sa che sia dolore», Resitativ for sopran
- «Parti pur, e con dolore», Arie for sopran
- «Tuo saver al tempo e l'eta contrasta», Resitativ for sopran
- «Ricetti gramezza e pavento», Arie for sopran
Kjelder
Bakgrunnsstoff