«No Rules!» er skriven av Henri Piispanen[5], Jussi Roine og Teemu Keisteri[6], kjend som karakteren Windows95man.[7] I intervju har Keisteri uttalt at songen sprer eit bodskap som tek til orde for å «ikkje ta alt så seriøst», med ei hensikt om at Keisteri skal vere så avslappa som mogleg medan han framfører songen.[8] I tillegg refererar songtittelen til Keisteri sin mantra som han har brukt gjennom heile livet.[9] Keisteri har også uttalt eit ønske om å få fram det finske folket sin natur av å vere «looney-tunes djupt inne i seg».[10]
Uuden Musiikin Kilpailu og Eurovision Song Contest
«No Rules!» blei plukka ut som eit av sju bidrag til å delta i Uuden Musiikin Kilpailu 2024, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest.[11][12]
I finalen laurdag 25. februar kom «No Rules!» på sisteplass hos juryen, men vann telefonavrøystinga med god margin. Songen fekk samla 313 poeng – 40 poeng meir enn andreplassen «Paskana» av Sara Siipola.[13] Med sigeren blei «No Rules!» det finske bidraget til Eurovision Song Contest.[14]
Finland deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai.[15] Der enda «No Rules!» på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[16][17] I finalen enda låten på 19. plass med 38 poeng.[18][19]