«No Money Down» er ein song skriven og spelt inn av Chuck Berry i desember 1955. Innspelinga vart organisert av Chess Records etter suksessen med «Maybellene» og «Wee Wee Hours» same året.[2] «No Money Down» vart først utgjeven som singel i januar 1956[1], med «Down Bound Train» på B-sida. Singelen nådde åttandeplassen på Billboard R&B-lista. Songen vart seinare gjeven ut på albumet After School Session i 1957.
«No Money Down» har eit repeterande stopp-takt-riff som liknar riffet til Willie Dixon på «Hoochie Coochie Man», Bo Diddley sitt på «I'm a Man» og Muddy Waters sin «Mannish Boy».[3] Songen fortel i stor detalj soga om ein mann som kjem inn i ein Cadillac-forhandlar for å byte inn Forden sin[4][3].
Kjelder
|
---|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Hitsinglar | |
---|
Andre artiklar | |
---|
|