Nintendo Classic Mini: Nintendo Entertainment System
Nintendo Classic Mini: Nintendo Entertainment System[a], også kjend som NES mini eller NES Classic i daglegtalen, er ein dedikert spelkonsoll utgjeven av Nintendo som emulerer Nintendo Entertainment System. Konsollen vart utgjeven den 10. november 2016 i Japan og Australia, og den 11. november 2016 i Europa og Nord-Amerika. Estetisk er han ein liten replika av NES-konsollen, med 30 NES-spel installert og med støtte for lagring av framgangen i alle spela.
[1]
Nintendo produserte og selte omkring 2,3 millionar NES Classic Mini-konsollar mellom november 2016 og april 2017, der kvar av leveransane straks vart utselde. I april 2017 annonserte Nintendo at dei ville avvikle salet av produktet, som førte til forvirring hjå forbrukarar og tilfelle der private seljarar selde konsollen til ein sterkt auka pris. På grunn av etterspurnaden av NES Classic, og suksessen til oppfølgjaren Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System, starta Nintendo produksjonen av NES Classic opp att den 20. juni 2018.[2] Produksjonen vart avvikla att i desember 2018.[3]
↑Kjend i Japan som Nintendo Classic Mini: Family Computer (Japansk: ニンテンドークラシックミニ ファミリーコンピュータ) og i Nord-Amerika som Nintendo Entertainment System: NES Classic Edition