Nils Edvard Ringset (2. november 1886–11. februar 1976) var ein norsk bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann frå Stranda på Sunnmøre.
Familie og utdanning
Han vart fødd i Liabygda i Stranda kommune og foreldra hans var Ole Petter Hansen Ringset (1849-1939) og Olave Paulsdatter (f.Trætøye) (1853-1944). Han gjekk på jordbruksskulen i 1907 og i 1917 tok han over farsgarden, Ola-Petergarden på Ringset i Liabygda. I 1918 vart han gift med Martha Signe Fredriksdatter Ringset, fødd Baade (1893-1984).
Virke
Nils E. Ringset kom tidleg med i ungdomslag-arbeidet og han var formann Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag[1] i tida 1917-1946. Han var også styremedlem i Noregs Ungdomslag i åra 1925-1946, og i mange år fungerte han som nestformann. Han var formann i Møre og Romsdal skogselskap frå 1932 og han var med i styret for Det norske skogselskap frå 1942, som formann i åra 1949-1953. Han var ein sterk talsmann for skogreisinga i Noreg og på Island.
Gjennom åra hadde han mange andre styreverv i ulike organisasjoner og lag.[2][3] Som venstremann var han også aktiv i politisk arbeid og han fungerte som ordfører i Stranda kommune i åra 1937-1941 og i 1945. Han var med i ulike fylkeskommunale nemnder og var stortingsvaramann for venstre i perioden 1937-1945.
Utmerkingar
- I 1950 vart han tildelt borgardådsmedaljen i sølv, for samfunnsgavneleg arbeid.
- 6. mai 1957 - Diplom frå Det norske skogselskap, for fortjeneste av skogsaken.
- 1. februar 1958 vart han utnemnd til riddar av den islandske Falkeorden for sin innsats for skogplanting [4] [5]
- 26. mars 1958 - Diplom frå Møre og Romsdal Skogselskap, for langt og fortenestefullt arbeid ....
- "Frendetreet" frå Det norske Skogselskap (bronsestatuett laga av Per Ung).
Referansar
- ↑ [1]Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag
- ↑ [2] Frå SFU-soga i 1954 (Ivar Grøvik)
- ↑ [3] Hvem er hvem 1973
- ↑ [4] Arkivert 2014-02-03 ved Wayback Machine. Den islandske Falkeorden
- ↑ [5] Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. Den islandske Falkeorden