Jupitermånen Europa har relativt få nedslagskrater, noko som tyder på at yta til Europa er særs ung.[1]
Forma til nedslagskratera på Europa ymsar med storleiken. Krater som har ein diameter på mindre enn 30 kilometer er djupe og har kantar og sentralområde som stikk opp frå lendet i kring. Kratera som er større enn dette er derimot flate og har konsentriske ringar. Det er mogeleg at heile kratergolvet fell saman i desse større kratera og at dei etterpå vert fylte inn.[2]
Per 2. januar 2016 har Europa 41 namnsette nedslagskrater:[3]