Naustdal er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var det kommunesenteret i tidlegare Naustdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 1 280 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på nordsida av Førdefjorden, ved utlaupet til elva Nausta.
I Naustdal ligg Naustdal kyrkje frå 1891. Staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Den førre kyrkja var ei steinkyrkje frå midten av 1100-talet.
Her ligg også Naustdal barne- og ungdomsskule og andre kommunale tenestetilbod.
Riksveg 5 går gjennom Naustdal og det er 12 kilometer til Førde og 37 kilometer til Florø. Riksveg 611 går frå Naustdal utover Førdefjorden til Vevring og Stavang.
Bakgrunnsstoff