National Geographic Channel er ein TV-kanal som sender program laga av National Geographic Global Networks og andre produksjonsselskap med faktainnhald knytt til natur, vitskap, kultur og historie, i tillegg til nokre reality- og pseudovitskaplege underhaldningsprogram.
Kanalen har The Walt Disney Company og National Geographic Society som eigarar.[1]
Historie
National Geographic er eit kjent amerikansk tidsskrift. Kanalen vart lansert i Europa og Australia i september 1997.
Den amerikanske TV-kanalen vart lansert i USA den 7. januar 2001,[2] som ein joint venture mellom National Geographic Television & Film og Fox Cable Networks.
I Noreg er kanalen tilgjengeleg hos dei fleste norske tv-distributørar.
Kjelder