Nanometer er ei SI-eining avleidd av meter og blir brukt til å måla svært små lengder. Ein nanometer er lik 10−9 meter. Symbolet for nanometer er nm.
Bruk
Nanometer blir ofte brukt til å måla bølgjelengder av synleg lys,
ultrafiolett stråling og gammastrålar.
Eitt sukrosemolekyl er om lag 1 nm langt, noko Albert Einstein rekna ut.
DNA-spiralen er rundt 2 nm i diameter.
Konvertering
1 nm = 1000 pikometer
1000 nm = 1 mikrometer