Portrett av Lovisa Christina Schönherr (1745-1819), svensk silkemakar
Lovisa er ei svensk form av kvinnenamnet Lovise som er ei norsk og dansk form av Louise , eit opphavleg fransk kvinnenamn danna av mannsnamnet Louis , som stammar frå det frankiske Ludvig som på si side kjem frå dei gammalhøgtyske orda hlod , «ry», og wig «kamp, krig».
Lovisa har namnedag 25. august i Sverige.
Utbreiing
Lovisa var eit svært vanleg namn i Sverige på midten av 1800-talet.[ 1]
Kjende personar med namnet
Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.
Lovisa von Burghausen (1698-1733), svensk kvinne kjend for soga si om å ha vore krigsfange og slacve i Asia i samband med den store nordiske krigen
Lovisa Ulrika av Preussen (tysk Luise Ulrike, norsk Louise Ulrike, 1720-1782), dronning av Sverige
Lovisa Concordia Simson (1746-1808), svensk teaterdirektør
Lovisa Augusti (f. Ester Salomon; 1751/1756–1790), svensk operasongar
Lovisa Charlotta Malm-Reuterholm (1768–1845), finlandssvensk målar og forfattar
Maria Lovisa Åhrberg (1801–1881), svensk «sår-läkarinna» (sår-lege)
Lovisa av Sverige (1851–1926), dronning av Danmark
Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf (1858–1940), svensk forfattar
Greta Lovisa Gustafsson (1905–1990), svensk-amerikansk skodespelar kjend som Greta Garbo
Annan bruk av namnet
Referansar