Lenin er eit russisk namn som blei brukt som dekknamn av kommunistleiarenVladimir Iljitsj Uljanov, og var namnet han blei kjend under. Det er mykje nytta i sovjetisk og sosialistisk samanheng. Lenin er også blitt brukt som personnamn av andre.
Historie
Vladimir Iljitsj Uljanov tok dekknamnet «Lenin» i 1901. Namnet blei kjend gjennom ein pamflett, Sjto delat'? (Что делать?), eller 'Kva må gjerast?', gjeven ut i 1902 og signert N. Lenin. Nøyaktig kvifor han valde namnet er ukjend, men ein reknar vanlegvis med at han kalla seg opp etter elva Lena i Sibir. Namnet kan tyda 'mannen frå Lena', og -in-endinga var vanleg i dekknamn på denne tida. SosialdemokratenGeorgij Plekhanov, som Lenin starta avisa Iskra saman med, nytta «Volgin» som dekknamn. Namnet Volgin kjem av elva Volga. Elva Lena er større og lengre enn Volga og renn i motsett retning.
I april 1912 var elva elles åstaden for ein massakre av streikande arbeidarar utført av tsaren sine styrkar. Lena-massakren førte til arbeidaruro mange stader i Russland.
To byar som tidlegare heitte Leninsk i Kasakhstan og Turkmenistan har endra namna sine til høvesvis Bajkonur og Akdepe.
Leninfjellet, eller Pik Lenina, mellom Kirgisistan og Tadjikistan blei døypt om til Ibn Sina-fjellet i 2006.
I kulturen
Lenin og avleiingar har vore nytta i litteratur, til dømes om den viktige figuren Lenina Crowne i dystopienBrave New World av Aldous Huxley frå 1932.
Namneberarar
Lalitha Lenin (fødd K.K. Lalitha Bai i 1940), indisk diktar