NRK Østlandssendingen vart skipa i 1959.[1] Heilt fram til 1996 konsentrerte redaksjonen seg berre om radiosendingar. Ikkje før 28. februar 1996 gikk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta.
Til å byrje med hadde redaksjonen lokale i kringkastingshuset på Marienlyst i Oslo. Frå 1972 fikk sendinga sin eigen distriktssjef, og dekka då dei åtte fylka Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Telemark, Østfold, Vestfold og Buskerud. Frå 1988 dekka ho berre Oslo og Akershus.[1]
I 1981 vart NRK Østlandssendingen flytt frå lokala på Marienlyst til lokale i Staffeldtsgate i nærleiken av Slottsparken i Oslo, og frå november 1993 fekk sendinga nye lokale i ein av dei gamle fabrikkbygningane til det nedlagde Myrens verksted på breidda av Akerselva på Sagene i Oslo.[1] Herfrå gjekk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta 28. februar 1996.[1]
NRK Østlandssendingen vart ein fleirkulturell arbeidsplass i 1997.[2] Hausten dette året byrja produksjonen av det fyrste riksprogrammet for fjernsynet, Migrapolis, som var eit fleirkulturelt magasin send på NRK 2.[2] Eit fjernsynsprogram på framandspråk vart dessutan sendt kvar veke under namnet Migranytt i åra frå 1999 til juni 2003.[2]