Mount Victoria, også kalla Mount Vic, er eit karakteristisk høgdedrag på 196 meter som ligg aust for bysentrum i Wellington på New Zealand. Det er kalla opp etter dronning Victoria av Storbritannia.[1] Sør for fjellet er det eit utspring, Mount Albert, og desse to er bundne saman med ein åskam. Mount Victoria er også namnet til den omliggjande bydelen i Wellington.
Bydelen Mount Victoria er ei blanding av bustads- og forretningsområde og ligg på vestsida av åsryggen ovanfor den sørlege delen av det sentrale forretningsområdet i Wellington. Tilgrensande bydelar, som nesten berre består av bustadområde, er Oriental Bay, Roseneath og Hataitai.
Ei gresk ortodokskyrkje ligg på vestsida av Mount Victoria, og Basin Reserve idrettsstadion og det newzealandske krigsminnesmerket ligg ved foten av fjellet.