Mount Hobson (Hirakimata på maori) er det høgaste fjellet på øya Great Barrier Island på New Zealand. Det ligg sentralt på øya og toppen er 627 moh. Fleire tur-ruter gir relativt lett tilgang til toppen, den kortaste, som tek om lag to timar, går gjennom det kjende fjellpasset Windy Canyon og gjennom restar av gammal kauriskog der det står att ei rekkje store tre. Frå toppen er det fin utsikt over øya, over mot halvøya Coromandel Peninsula og øygruppa Poor Knights Islands.[1] Området kring toppen er også klekkeområde for svart havsule.[2]
Kjelder
36°11′S 175°25′E / 36.183°S 175.417°E / -36.183; 175.417