Morelos er ein delstat i Mexico som ligg i den sørlege, sentrale delen av landet. Han er den nest minste delstat med eit areal på 4 941 km². Morelos grensar til Delstaten México i nord-aust og nord-vest, Mexico by i nord, Puebla i aust, og Guerrero i sør-vest. Morelos har om lag 1 800 000 innbyggjarar.