Montserrat tyder bokstavleg «spisst fjell» på katalansk. Det skildrar ein steinformasjon som er godt synleg frå avstand. Fjellet består av eit lillafargakonglomerat av sedimentære bergartar og er populært hos fjellklatrarar.
Det går veg, kabelbane og tannhjulbane opp til klosteret. Frå klosteret går det to kabelbaner opp i høgda. Den eine, Funicular de Sant Joan, går opp til meir enn tusen meters høgd, der det går ein stig til Sant Jeroni, som er det høgste punktet på Montserrat (1 236 meter over havet). Den andra, Funicular de Santa Cova, går til grotta Santa Cova.
Toppen av Montserrat vert kalla Sant Jeroni, og er altså 1236 meter over havet.