Mitsjurinsk (russisk Мичу́ринск) er den nest største byen i Tambov oblast i Russland med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg 65 km vest for Tambov.
Han vart grunnlagt i 1635 som ein utpost ved den sørlege grensa til Russland og fekk bystatus i 1779. Byen heitte Kozlov (russisk: Козло́в) fram til 1932. Byen er kalla opp etter den russiske vitskapsmannen Ivan Mitsjurin.