Minnehaha County er eit fylke heilt aust i delstaten Sør-Dakota i USA, med grense til delstatane Minnesota og Iowa. Flatevidda er 2 110 km² og folketalet 197 000, noko som gjer at fylket er det mest folkerike i delstaten. Fylket vert styrt frå Sioux Falls, største byen i Sør-Dakota.
Fylket vart oppretta i 1862 og organisert i 1868.
Folketeljinga 2010 fann at 43,8 % av ibuarane var av tysk, 17,7 % av norsk, 11,6 % av irsk, 6,8 % av nederlandsk og 6,3 % av engelsk ætt.