Mikro (symbol µ) er eit SI-prefiks i SI-systemet som står for 10−6 eller 1/1 000 000.
Det vart teke inn i systemet i 1960. Mikro kjem frå gresk μικρός, som tyder liten.
I praktisk bruk er nemninga blant anna kjend frå vekteininga mikrogram.
På ein vanleg PC kan ein skrive teiknet ved å halde inne «alt»-knappen og taste 230 på taltastaturet.
Kjelder