Michael Halliday, ofte M.A.K. Halliday (13. april 1925–15. april 2018), var ein britisk-australsk lingvist som utvikla den språkvitskaplege skulen som er kalla systematisk-funksjonell lingvistikk. Halliday har hatt mesteparten av yrkesaktiviteten sin i Australia ved universitetet i Sydney.
Hallidays tilnærmingar har hatt påverknad på fleire norske lingvistar, til dømes Kjell Lars Berge, Eva Maagerø og Elise Seip Tønnessen.