Mekanikk

Mekanikk er den greina av fysikken som omhandlar rørsler, forskyvingar, spenningar og stabilitet av partiklar og lekamar. Klassisk mekanikk syner korleis årsaker og verknader er knytte saman, og er eit langt større fagfelt enn det dei fleste elevar møter. Som «sanning om korleis universet er laga» er klassisk mekanikk i dag erstatta av relativistisk mekanikk. Dei gamle klassiske teoriane er likevel dei mest nytta verda over i kvardagen for ingeniørar. Men for relativitetesfysikken er dei klassiske teoriane berre eit spesialtilfelle.

Ordet mekanikk vert nytta om mellom anna:

  • Klassisk mekanikk er den mekanikken ein først får møte i skulen. Då handlar det gjerne om lodd og pendlar, forsøk på å skildre enkle prinsipp for korleis lekamar rører seg.
  • Brotmekanikk som er ei gruppe teoriar om korleis material bryt saman.
  • Bygningsmekanikk som er ei gruppe teoriar som danner grunnlaget for dimensjonering av bygningar, veger, maskinar, bruer, skip, plattformer og meir.
  • Relativitetsteorien kom tidleg på 1900-talet, og kan nyttast til å handtere langt meir avanserte idear. Han er viktig for alt som rører seg nær lysfarten.

Kjelder

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!