Mazar-e-Quaid (مزار قائد), også kjend som Jinnah-mausoleet eller Nasjonalmausoleet i Pakistan, er eit gravmonument i Karachi. Det huser leivningane etter Quaid-e-Azam ('den store leiaren') Muhammad Ali Jinnah, grunnleggjaren av Pakistan. Det omfattar også grava til Jinnah si syster Fatima Jinnah, også kalla Māder-e Millat eller 'mor til nasjonen', og Liaquat Ali Khan, den første statsministeren av Pakistan.
Mausoleet blei utforma i 1960-åra i ein modernistisk stil inspirert av eldre muslimsk arkitektur.
Det stod ferdi i 1970, og er blitt eit symbol på Karachi. Mausoleet er eit av dei mest vitja turistmåla i Karachi.[1]
Arkitektur
Mausoleumsbygningen blei utforma av arkitekten Yahya Merchant.[2] Han er bygd av kvit marmor med kurva mauriske bogar og kopargitter på ein opphøga plattform som er 54 kvadratmeter stor.[3]
Det er 43 meter høgt. Kvar vegg har ein inngang.
Mausoleet ligg i ein 53 hektar stor park. Femten fontener leier fram til plattformen frå ei side; på dei andre sider går terrasserte avenyar til portane. Inne i bygningen heng ei grønfarga lysekrone med fire etasjar gjeve i gåve frå Folkerepublikken Kina.[4] Mausoleet blir lyst opp om natta av lyskastarar.[5][6]
Inne i gravkomplekset ligg tre graver på ei rekkje og ei anna i nord. Den nordlege grava, som er dekorert med svart blomemønster, tilhøyrer Fatima Jinnah. Av dei andre tre gravene tilhøyrer den nordlegaste Liaquat Ali Khan, den første statsministeren av Pakistan. I midten er Nurul Amin, ein visepresident av Pakistan, gravlagd. I den sørlegaste ligg sardarAbdur Rab Nishtar. Jinnah er gravlagd ei ein eigen sarkofag. Alle gravstadene er laga av italiensk kvit marmor.
Tyding
Det blir halde offisielle og militære seremoniar her ved spesielle høve, som 23. mars (Pakistan Day), 14. august (den pakistanske sjølvstededagen), 11. september (dagen Jinnah døydde) og 25. desember (fødselsdagen til Jinnah). Høgståande representantar frå andre land vitjer også mausoleet ved offisielle vitjingar.