Matti Klinge (fødd 31. august 1936) i Helsingfors er ein finsk professor i historie.
Klinge er utdanna ved Helsingfors universitet, der han i 1969 avla doktorgraden. Etter å ha vore gjesteprofessor ved Sorbonne i Paris 1970–1972, hadde Klinge frå 1975 til 2001 det svenskspråklege professoratet i historie ved Helsingfors universitet. Klinge har særleg arbeidd med finsk politisk historie, og med tema knytt til finsk nasjonal identitet.