Martina og Martine, også stava Marthina, Martyna og Marthine, er kvinnenamn avleidde av Martin eller latinsk Martinus. Mannsnamnet er avleidde frå den romerske guden Mars.
Martine, som er mykje brukt i Noreg, er opphavleg ei fransk form av namnet, og er utbreidd i Belgia og Frankrike. Martina er mellom anna ei italiensk form, og er vanleg elles i Europa.
Namnet var mykje brukt ved slutten av 1900-talet. Første halvdelen av 1990-åra fekk over 1,0 % jenter dette namnet, og like etter tusenårsskiftet blei det gjeve til over 1,2 % av nyfødde. Bruken gjekk deretter ned.