Marta Seljeset Frøland (16. oktober 1909–23. desember 2000) var ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Frøland var fødd på Seljeset i Hornindal, men busett i bygda Sæbø i Ørsta kommune.
Frøland var ein viktig læremeister og inspirasjonskjelde for Unni Løvlid. Løvlid gjekk i lære hjå Marta Seljeset Frøland, og brukte tradisjonssongar etter ho på plateutgjevingane Vita og So Ro Liten Tull.
Bakgrunnsstoff
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |