Mars Express er ein europeisk romsonde som går i bane rundt planeten Mars. Han er den første Mars-sonden til Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Han blei skoten opp 2. juni2003, og har krinsa i bane rundt Mars sidan 25. desember2003. Romsonden hadde med seg ein liten landingssonde, kalla Beagle 2, som skulle lande på Mars den 26. desember2003 for å leite etter liv. Sonden gav aldri lyd frå seg og blei meld tapt den 6. februar 2004 av ESA.
Føremålet med Mars Express var å undersøke overflata og atmosfæren på Mars. Frå Mars-banen skulle Mars Express romsonden:
leite etter teikn på vatn, ned til nokre kilometer under overflata
kartlegge overflata på Mars meir nøyaktig enn tidlegare