Dei eigenlege magnetiske stormane kan observerast samstundes over heile jorda og varar i fleire dagar. Meir kortvarige magnetiske stormar, substormar, finst spesielt i polarlysovalen. Forstyrringane av magnetfeltet kan under kraftige stormar kome opp i 10 % av den totale feltstyrken.
Effektar
Blant effektane av geomagnetiske stormar kan det nemnast:
Nordlys langt sørover. Når magnetosfæren blir trykt saman av sjokkbølgja i solvinden, blir polarlysovalane utvida, slik at nordlyset er synleg lenger sørover og sørlyset lenger nordover enn vanleg.
Elkraftproblem. Når magnetfeltet til jorda blir endra, blir elektrisk straumindusert i kraftleidningar på overflata til jorda, noko som kan føre til overbelastning i transformatorar med skadar og/eller store elektriske avbrot som følgje. Saman med risikoen for satellittar er dette den største økonomiske risikoen med geomagnetiske stormar. I ein studie frå det amerikanske vitskapsakedemiet National Academy of Sciences er konklusjonen at elkraftnettet framleis (2009) er sårbart, og at ein uvanleg sterk geomagnetisk storm kan få konsekvensar som økonomisk vil kunne samanliknast med orkanen Katrina sine herjingar.[1][2]