Australsk-briten Frederick Hasselborough oppdaga den aude øya heilt tilfeldig den 11. juli 1810 då han leita etter nye område for å jakte etter sel.[1] Han gjorde krav på Macquarieøya for Storbritannia og annekterte ho til kolonien New South Wales i 1810. Øya fekk namn etter oberst Lachlan Macquarie, som då var guvernær i New South Wales frå 1810 til 1821. Hasselborough rapporterte om eit vrak «med særs gammal utsjånad», som har ført til spekulasjonar om at øya kan ha vore vitja av polynesarar eller andre.[2]
Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som utforska området for Aleksander I av Russland, produserte det første kartet av Macquarieøya. Bellingshausen gjekk i land på øya 28. november 1820, stadfesta den geografiske plasseringa og byta bort rom og mat mot dyrelivet på Macquarieøya med selfangarar. Mellom 1810 til 1919, vart sel og pingvinar jakta så mykje på at dei nesten vart utrydda.[1] Det vart foreslått å sende kriminelle til øya som straff, men tilhøva her og i havområda rundt vart rekna som så harde at ideen vart skrinlagd.[2]
I 1890 overtførte New South Wales øya til Tasmania[3], som leigde ho ut til Joseph Hatch (1837–1928) mellom 1902 og 1920 for oljeindustrien hans basert på fanging av pingvinar.
Den 5. desember 1997 vart Macquarieøya ein del av verdsarva, hovudsakleg på grunn av den unike geologiske verdien.[4]
Den 23. desember 2004 råka eit jordskjelv som målte 8,1 på Richterskalaen (eit av dei kraftigaste jordskjelva som nokon gong er registrert) øya, men skapte få øydeleggingar.[5]
Den 12. april 2008 skjedde eit nytt jordskjelv på 7,1 i Macquarieforkastinga nær Macquarieøya.[6]
Forfattaren Charles Sheffield nytta øya i soga si Georgia on my Mind, der mystiske hendingar går føre seg.
Geografi
Macquarieøya er ein del av Macquarieryggen som stikk opp hav havet, og ligg der den australske plata møter Stillehavsplata. Det er den einaste staden i verda der bergartar frå mantelen vert aktivt eksponert ved havnivå. På grunn av dette vart øya ein verdsarvstad i 1997.[7]
Øya er delt i to av platå på kring 150-200 meter høgd i nord og sør med eit smalt eid nær havnivå. Dei høgaste punkta er Mount Elder i nordaust på 385 meter over havet og Mount Hamilton og Mount Fletcher i sør på 410 meter over havet.
Macquarieøya har eit klima som er sterkt påverka av havet, og alle månadane har temperaturar over 0 °C, sjølv om det er vanleg med snø mellom juni og oktober, og stundom til og med om sommaren på Macquarieøya.
Den normale maksimumstemperaturen varierer frå 4,9 °C i juli til 8,8 °C i januar. Nedbøren fell jamt gjennom året og årsmiddelnedbøren er 967,9 mm. Macquarieøya er ein av dei mest skya stadane på jorda med bere 856 soltimar per år.
Plantelivet på Macquarieøya liknar plantelivet på dei andre subantarktiske øyane, særleg dei sør for New Zealand. Plantene vert sjeldan høgare enn 1 m høge. Hovudsakleg består plantelivet av gras, mosar, levermoses og lav.
↑ 1,01,11,2Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 14. ISBN1-86276-010-1.