M/S «Ullensvang» var eit motorskip bygt i 1952 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap. Skipet gjekk i rutefart for HSD til 1980 i kombinert laste og passasjertrafikk.
Historie
Skipet vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i juni 1952. Ho vart i flåten til HSD fram til juni 1980, då det vart seld til Baltic Coaster Association i Georgetown på Caymanøyane. I 1982 vart ho seld vidare til Albert A. Selby i Bridgetown på Barbados og ho fekk namnet «Stella S II». Skipet vart overført til Roseau i Dominica i 1990 og i 1996 seld til Benedict McLawrence her. Ho fekk då namnet «Anestine Mac». I desember 2000 vart ho sett på stranda ved Charlestown på Nevis som vrak.
Kjelder