* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Luis Miguel Fernández Toledo (fødd 2. oktober1959) er ein fransk tidlegare fotballspelar og -trenar, fødd i Tarifa i Spania. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og fekk VM-bronse i 1986.
Spelar
Klubbspel
Fernández spelte på Paris Saint-Germain frå 1978 til -86. Gjennom desse åtte sesongane var han med å føre til laget til to triumfar i den franske cupen; 1982 og 1983. Også i 1985 tok PSG seg til nasjonal cupfinale, måtte då tole tap. Fernández avslutta sine år som aktiv i PSG med å vinne seriegull våren 1986. Der etter spelte han tre sesongar i Racing Paris, utan at den rike klubben oppnådde suksess. Frå 1989 til -93 opptredde han i drakta til Cannes, eit lag som han rykte ned med i 1992 og opp att i toppdivisjonen i 1993.
Landslagsspel
Fernández hadde den defensive rolla då han gjennom 1980-talet var ein spelarane i det franske landslaget sin magiske midtbanekvartett, dei andre var Michel Platini, Alain Giresse og Jean Tigana. Fernández debuterte på Frankrikes landslag i november 1982 og var med å vinne fotball-EM 1984 på heimebane. To år seinare vart det bronse på Frankrike og Fernández ved VM 1986 i Mexico. I 1987/88 var han landslagskaptein i fem kampar, mellom anna då Frankrike og Noreg spelte 1-1 i Paris, der norske Tom Sundby utlikna få minuttar før slutt. Fernández spelte sin 60. og siste landskamp då Frankrike tapte kvartfinalen mot Danmark under EM i fotball 1992. Han skåra seks landslagsmål.
Merittar
Europameister: 1984 med Frankrike
VM-bronse: 1986 med Frankrike
Fransk cupmeister: 1982 og 1982 med PSG
Fransk seriemeister: 1986 med PSG
Trenar
Sidan 1993 har Fernandez ofte arbeidd som trenar. Størst suksess hadde han med Paris Saint-Germain som i 1995 vann den nasjonale cupmeisterskapen og i 1996 sigra i Cupvinnarcupen med finalesiger 1-0 over Rapid Wien.