Ludvig XVI (23. august 1754–21. januar 1793) var konge av Frankrike frå 1774 til 1792. Han var den siste franske eineveldige kongen og vart til slutt offer for den franske revolusjonen, då han vart avretta ved giljotinering den 21. januar 1793.
Han var son av dauphinen (kronprinsen Ludvig Ferdinand (1729-1765), den einaste sonen av kong Ludvig XV, og kronprinsessa, Maria Josepha av Sachsen. Faren døydde ung og kom aldri på trona. Ludvig XVI var gift med Marie-Antoinette av Austerrike. Med Marie Antoinette fekk han fire barn.
Bakgrunnsstoff