London Conversation er debutalbumet til John Martyn, gjeve ut på Island Records i 1967. Martyn var berre 18 år gammal då plata kom ut, og han var den første kvite artisten som vart gjeven ut på Island Records.[1]
Songane er stort sett skrivne av Martyn sjølv og er langt meir vise-prega enn dei seinare blues- og jazz-aktige albuma. Songane vert framførte med berre Martyn på song og akustisk gitar. På ein song spelar han òg sitar. Albumet kosta visstnok 158 GBP å spele inn.[2] Biletet på plateomslaget vart teken på taket til sjefen i Island Records, Chris Blackwell i Cromwell Road.[3]
Innhald
Alle spor skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde