Det er store sosiale kontrastar i bydelen; omkring 55 % av innbyggjarane bur i bustader eigd av det offentlege, medan det midt blant desse finst hus verdt meir enn tre millionar pund. Islington har eit av dei største bevarte georgianske bustadområda.
Bydelen er kjent for sine restaurantar og butikkar, men i størst grad for Arsenal FC, som har sin heimebane Emirates Stadium i Holloway.
To av dei største fengsla i London, Pentonville og kvinnefengslet Holloway, ligg i Islington.