Lockheed Martin F-16 Fighting Falcon er eit amerikansk kampfly opphavleg produsert av General Dynamics. F-16 er i bruk i mange land over heile verda, blant anna i Noreg, Danmark, Nederland, USA og Belgia.
Flyet et basert på det såkalla «fly by wire»–konseptet, der alle kommandoane frå piloten vert styrte elektronisk via straumkablar. Første prototyp, YF-16, flaug i 1974, og F-16 gjekk inn i teneste den 17. august 1978. Jagarflyet vart bestemt kjøpt inn til det norske luftforsvaret i 1975. Det første flyet kom til Noreg i 1981.
Totalt er det produsert ca. 3 000 fly.
Variantar
F-16A/B – de originale variantane, B-varianten er ein tosetar.
F-16C/D – generell oppdatering, moderinisering av elektronikk, motor etc.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.