Liberties of the Tower of London eller berre the Tower Liberty var eit område rundt Tower of London som verken høyrde til styresmaktene i City of London eller grevskapet Middlesex. Området vart skipa som liberty ein gong etter 1200, av land som tidlegare hadde vore del av City of London.[1] Etter grenser sette på 1500-talet dekte det området innanfor ringmuren og rett utanfor, inkludert Tower Hill.